– Det er stemning for å ta Oslo i meir solidarisk retning. Oslo-folk ser at det trengst eit taktskifte i eldreomsorga. Raymond Johansen er Aps byrådsleiarkandidat i hovudstaden. Han kan fort vekk bli sjef for byen etter valet, trass i nedgang på dagens måling:

Med oppgang for SV, Raudt og MDG, får dei saman med Ap 31 av 59 plassar i bystyret. Dermed mistar borgarleg side fleirtalet i hovudstaden om dagens måling skulle bli valresultatet.

Johansen meiner det er mykje svartmåling av eigedomsskatten:

– Når det kjem ungar som bur i ein treroms på Romsås bort til meg og spør om Pappa må ta ein ekstra jobb for å betale eigedomsskatten, viser det at det blir spreidd mykje feilinformasjon, seier Johansen.